Tollak til Ingeborg

Eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.

Det er på tide å fortelje.

Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.


Av Tore Renberg
Forestillingslengde: 1 time 45 minutter (ingen pause).
Produsert av Teater Vestland og Riksteatret

Sted:
Riksteatret, Gullhaug Torg 2

Når:

Kjøp billetter